Tag Archive 'samfunn'

Mar 03 2009

Kva er ein feminist?

Published by Huffameg under 2009

Eg ser at fleire er opptekne av omgrepet feminist. Me byrjar her eit ordskifte om feministen:

Det er veldig mange ord som ikkje kan nyttast, som er skadeskotne i det offentlege ordskiftet eller i den venskaplege samtalen. Dei peikar på ting ein ikkje kan vere, ting ein ikkje kan gjere og ting ein ikkje kan bere. Ein kan ikkje vere islamist, ein kan ikkje vere rasist, ein kan ikkje vere konservativ eller trongsynt. På same måte er det ein heilt haug med ord ein ikkje berre kan, men som ein lyt nytta for å markere seg sjølv. Ein må vere open, nyansert, ein må vere progressiv, ein må vere demokrat og liberal. I denne samanhengen er ordet feminist openbert noko ein ikkje lyt vere – det er eit av dei mest forpesta politisk kategoriane i mange miljø. På ein fest på Bislett skal ein ikkje vente lengje før nokon må peike på at dei «er for likestilling og sånn, men jeg er ikke en av de (ekstrem/panser)feministene, altså.» Det same gjeld her i Frankrike der ein ikkje nøler lengje med å slå fast at «j’suis pas feministe, moi». Dette er sjølvsagt fordi «feminist» har opparbeidd seg nokre assosiasjonar som folk ikkje ønskjer å identifisere seg med. På den måten har det vore, og er framleis, utruleg viktig å få kontroll over omgrepa, fylle det med eige innhald. For ein feminist vil det vere viktig å ikkje la vulgærmedia og kviskreleiken i samfunnet få definisjonsmakta. På same måte som det for ein kommunist vil vere viktig ikkje å verte ufrivillig assosiert med stalinistisk folkemord vil det for FrParar vere avgjerande ikkje å verte konstruert som rasistar på ein innvandringsskeptisk plattform. Men kva for eit innhald skal ein putte i det rekonstruerte feministomgrepet; kva er ein feminist?

«Å vere feminist» ser ut til å vere eit tilnærma tomt uttrykk, ei vending som ikkje tyder noko særleg – det er her mykje av problemet til feminismen ligg: anten må det ha ei tyding som er så vid at det kan inkludere veldig mange menneske. Det kan vere av typen «å vere for jamnstilling» eller «å stø opp om kvinnekapen». Eller som redaksjonen her peiker på: “å vere opptatt av samfunnet ikke skal være til hinder for deg fordi du er født som det kjønnet du er - eller ikke er ». Målet for mykje av den rekonstrueringa av omgrepet som har vore gjort har nett vore å vise at dei fleste er feministar – dei berre veit det ikkje. Problemet med denne tilnærminga er at det reduserer feminist-omgrepet til noko trivielt, til noko som ikkje er radikalt eller progressivt, men til noko som (nesten) alle er samd i. Hadde det vore nok hadde 8. mars vore ein fin dag for grilling eller ein tur i parken. Alternativt ender omgrepet opp med å vere veldig spesifikt, å stø opp om ein konkret politisk visjon – til dømes for kriminalisering av horekunden, for eit forbod mot porno osv. Det vil på si side vere så snevert at feministane vert til ei knøttlita gruppering som assosiasjonane vi vil verte kvitt er bygd på, noko som ikkje er særleg ønskeleg. Poenget her er at det er så lite semje om kva kvinnesak, kvinneerfaring, ja, til og med kva jamnstilling og patriarki er, at ikkje ein gong er konsensus om dei fundamentale grunnsetningane, om kva som er problemet.

Derimot er det ikkje vanskeleg å forstå kva til dømes feministisk litteraturteori er. Eller feministisk filosofi, eller feministisk vitskapsteori. Det er lett å forstå kva eit feministisk forskingsfelt er: det er, utan å freiste ein uttømmande definisjon, teoriar som set fokus på kvinneleg posisjon, kvinneleg erfaring, men utan å leggje noko føringar på kva dei skilde skal meine. På same måte er det lett å seie kva marxistisk sosiologi er, ein sosiologi som opererer innanfor eit marxistisk omgrepsapparat, men det er nesten umogleg å seie kva ein marxist er. Sjølv ikkje dei mest ortodokse marxistane er samde i korleis ein skal forstå dei grunnleggjande analysane. At feministisk forsking finst treng ikkje tyde at det finst feministar.

Ein kan innvende her at ein kan klassifisere feministar i skilde grupper, me har liberal-feministar, marxist-feministar osv. Eg trur likevel at om ein ser på det argumentet er det vanskeleg å sjå for seg kva det er som gjer dei til nett feministar utan å freiste seg på ein konkret definisjon. Det er altså kanskje ikkje ei god innvendig. Ein kan også innvende, og det er her problemet ligg, at ein vil nytta feminismeomgrepet som ei opning, at ein ikkje vil lukke feltet. Ein kan seie at me ønskjer ikkje leggje fast, definere ein gong for alle, kva det er å vere feminist fordi alle skal kunne definere seg sjølv som det. På den måten kan fleire kome til å vere med i kvinnerørsla qua feminist, fordi ein kan bestemme sjølv kva det skal tyde. På den måten er det mogleg å skape ei kvinnerørsle, ei feministisk rørsle. På den måten kan å vere feminist vere noko radikalt og progressivt. Problemet med denne tilnærminga, og då med heile feministomgrepet, er at då speler ein nett på dei assosiasjonane folk har til omgrepet, då overlet ein det fullt og heilt til «den store kviskreleiken» og vulgærmedia. Når me har teke kontroll over omgrepet nektar me å gjere det me ville i utgangspuntket - fylle det med eige innhald. Ein er med andre ord attende til start.

Dersom me verkeleg vil krevje attende feministomgrepet så lyt ein setje seg ned å fylle det. Med kampsaker, med analysar og med program. Ein treng eit feministisk manifest.

No responses yet

Tags

8.mars 0803 2009 Add new tag Alfahann barn biologi colombia Disney Eia Feminisme feminisme fittstim pågående filosofi fjas og mas fremtiden Hijab og kvinnedag Hjernevask Høye kvinner James Dean kjønn kjønnsrettferdighet kjønnsroller kropp Kultur kvinner kvinners menneskerettigheter likestilling Løvinner manifest Mannlige egoer menn og feminisme mødre Nissemainn norsk handelspolitikk ordskifte politikk samfunn sosiologi statsvitskap utdanning utvikling vold vold i hjemmet vold mot kvinner wordlek

Search